Siste innspurt før avreise…


Stuerten og Kapteinen sit og pussar

I påska avtalte Kapteinen, Stuerten og Matrosen og møtes for nødvendig båtmekk før den store ferden. Kapteinen møtte i kjent stil  opp på Kjevik lufthavn før turen bar mot sørlandets hovudstad – Kristiansand.

På plass i sørlandets perle er det grunn til å forvente at solskinnet skal vere på plass. Og eg er glad for å seie at me ikkje vart skuffa. Sola skinte, og dei som følte seg ekstra barske kasta til og med eit par klesplagg. Kanskje det var ein ønskedrøm om allerede å vere på veg til Karibien, for det vart fort kaldt, og kleda kom fort på igjen.

Det var mykje som stod på timeplanen, frå pussing av rorkulten, treding av ny VHF-antennekabel i masta, ny bunnsmøring til installering av både solcellepanel og logg, for å nemne litt.

Sidan oppgåvene var mange, vart det lange dagar for mannskapet. Det vart fort 12-timars arbeidsdagar, og pengane gjekk jamnt. For ein ting er sikkert, det er ikkje billeg med båt. Ettersom hard jobbing krever sunn mat, vart det First Price wienerpølse til lunsj kvar dag. Det er rart kor godt enkelte ting vert berre ein et det ute etter litt fysisk aktivitet. Høgdepunktet var når me endeleg fekk opp bøylen bak på båten, slik at me kunne feste på alt stæsjet me har kjøpt inn. Både kapteinen, matrosen og stuerten vart godt fornøgd med resultatet etter litt finjustering. Båten vart rett og slett skikkelig «bøs» som kapteinen så fint uttrykte det.

Det er godt å sjå at båten nærmar seg stadig klar til eventyr, og me kjenner alle tre at datoen for avreise nærmar seg.


Advertisements